Jona//Vesle Kinn

Jona//Vesle Kinn

JONA har ei eiga evne til å sette ord på det mange kjenner på, men sjeldan snakkar om. Songane hennar treff den delen av deg som berre ønskjer å kaste av deg…

JONA har ei eiga evne til å sette ord på det mange kjenner på, men sjeldan snakkar om. Songane hennar treff den delen av deg som berre ønskjer å kaste av deg jakka og danse i regnet. Likar du alt frå grunge og indierock til soul, kan du rekne med at JONA overgår forventningane dine.
Det heile starta som eit soloprosjekt, men mot slutten av 2023 gjorde JONA noko av det smartaste ho har gjort: Ho samla sitt eige A-lag. Med Aleksander og Ask på gitar, Amund på trommer, Alfred på keys og, meir nyleg, Alfonso Hjarteknusar (Kriss) på bass, har prosjektet vakse til eit samspelt og energisk band.
JONAs låtar handlar om vellukka og mislukka kjærleik, om opp- og nedturar og om utfordringar livet byr på. Saman løftar bandet musikken til eit nivå som får det til å kjennast som om du står midt på ein fullsett stadion.
Og du treng ikkje ta JONA på ordet. Etter utgivinga av EP-en How to Life vart ho P3-anbefalt og løfta fram på New Music Friday i Noreg, Danmark og Island. Ho sikra seg andreplassen i Emergenza 2025 og vart Månadens Urørt i januar 2026. No kjem ho til Vestlandet og Vesle Kinn for å bygge vidare på suksessen.

Annonse

Anmeldelser

Ingen anmeldelser er publisert ennå.

I nærheten

Utforsk mer i området

Flere steder og opplevelser som ligger i nærheten av denne oppføringen.

Skroll til toppen