Otium//Vesle Kinn

Otium//Vesle Kinn

OTIUM sprang ut i blomst våren 2024. Dei fire medlemmane har lang fartstid som både solistar og kammermusikarar i inn- og utland, og frå leiande stillingar i ei rekkje orkester. No ønskjer…

OTIUM sprang ut i blomst våren 2024. Dei fire medlemmane har lang fartstid som både solistar og kammermusikarar i inn- og utland, og frå leiande stillingar i ei rekkje orkester. No ønskjer dei å spreie gleda ved strykekvartettformatet til både nye og erfarne publikummarar.
Namnet OTIUM viser til ein fristad der ensemblet kan velje musikk ut frå eigen lyst og lidenskap.
Samklangen og det musikalske spennet to fiolinar, bratsj og cello byr på, gjer strykekvartetten til sjølve juvelen i kammermusikken. Joseph Haydn, som var eit viktig førebilete for Mozart, blir gjerne rekna som strykekvartetten sin far. Sidan slutten av 1700-talet har verdas fremste komponistar utvida repertoaret med nokre av sine aller fremste verk.
Musikarane gler seg til å opptre tett på publikum.
– Helst vil vi komme borti dei med buen!, seier OTIUM.
Målet er å dele favorittmusikken sin i godt lag. Her blir musikalske godbitar serverte som ein fleirerettars gourmetmiddag: med stor variasjon og i passe små porsjonar. Respekten for råvarene står sentralt, samstundes som OTIUM gjerne hentar fram utvalde satsar frå større verk og let dei stå fram som sjølvstendige, harmoniske munnfullar.
Medlemmar:

Katrine Buvarp, fiolin
Miłka Dowlasz, fiolin
Nora Taksdal, bratsj
Katharina Hager-Saltnes, cello

Annonse

Anmeldelser

Ingen anmeldelser er publisert ennå.

I nærheten

Utforsk mer i området

Flere steder og opplevelser som ligger i nærheten av denne oppføringen.

Skroll til toppen